Dåpsregistrering


Dåp i Bygland og Årdal

Dåpen er ein stor augneblink både for barnet som vert døypt, og for foreldra, familien og fadrane. Den er også ei stor hending for kyrkja, for i dåpen vert barnet ein del av det verdsvide kristne fellesskapet.

Gud har gjeve oss livet og skapt oss til fellesskap med seg. Etter sitt ord og sin lovnad tek Gud imot oss i dåpen og frelser oss frå synd og død. Vi blir sameina med Jesus Kristus til eit nytt liv og vi blir innlema i den kristne kyrkja.

I gamle dagar vart barnets namn offentleggjort i samband med dåpen. Da spurde presten: -Kva skal barnet heite? I vår tid vert barnets namn bekrefta ved namnevalet som vert innmeld til Skatteetaten. Sjå skjema for namneval. Så no spør presten: -Kva heiter barnet?

Ved ønskje om dåp melder de inn barnet via registreringsskjemaet her til venstre (ny registrering). Då kjem påmeldinga inn til oss på kyrkjekontoret. De må ha klart barnet sitt fødselsnummer. De må gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret på Evje som administrerer dåpspåmeldingane, om de får problem med utfyllinga. Telefon: 379 30 008 (Ope: Tysdag, torsdag og fredag). Hugs å avslutte med Lagre og lukk. 

Viss de ønskjer dåp i ei anna kyrkje enn den de høyrer til, skal de likevel ta kontakt med den lokale kyrkjelyden. Dåpssamtalen skal haldast der, og barnet vert innskrive i kyrkjebøkene der.

 

Fadrar

Barnet skal ha minst to fadrar, og dei må ha fylt 15 år. Fadrar kan bare vere personar som er medlemmer i Den norske kyrkja, eller andre kristne trussamfunn som anerkjenner barnedåpen. Presten ser til at valet av fadrar svarer til desse føresetnadene. Ein kan ha mellom to og seks fadrar. Minst to av dei må være til stades ved dåpshandlinga. Foreldre kan ikkje være fadrar. Fadrane tek på seg ei viktig oppgåve med å gje barnet opplæring i den kristne trua, og ein må ha dette i tankane når ein vel fadrar.

 

Dåpssamtale.

I forkant av dåpen tek presten kontakt for å avtale samtale om dåpen.

 

Ved eventuell endring av kyrkje eller tidspunkt for dåpen,

så ta kontakt med oss på telefon 379 30 008.

 

Les meir om dåp på kyrkja si heimeside

 

Velkomen til dåp!

Prestane i Bygland og Årdal sokn