Bygland kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Kickoff 2019

Kickoff 2019

 

 

Kick-off 2019.

Laurdag den 31. august var konfirmantane frå Bygland samt Evje og Hornnes-konfirmantane med på eit såkalla Kick-off.

Det var frammøte på TrollAktiv på Syrtveit allereie klokka 8.45. Litt småkjøleg var det om morgonen, men for konfirmantane la såmenn ikkje det nokon demper på humøret.

Programmet starta med rafting. Først var det øving på korleis ein skal te seg i ein gummibåt nedover stryka i elva. Så bar det utfor, to gonger til og med, for dei som ønskja det. Nokon vart verande i den nye vannparken som er ny i år. Alle kom velberga og smilande ned. Så var det pause med nistepakke og deretter ein andakt.

Neste post på programmet var ein kanotur frå Syrtveit ned til Evjetun. Her var også ein pause undervegs med bollar og brus. Vel framme ved Evjetun var dei fleste büde kalde og våte, og var nok letta over at det trass alt gjekk greit. 

Frå Evjetun gjekk vegen vidare til fots til Evje prestegard. Undervegs fekk konfirmantane eit gudsord med seg

I prestegarden venta grillpølser og anna god mat.

Dagen vart avslutta med ei samling i Evje kyrkje. Der var dei med på eit spel som heitter "Blindebukk i Kyrkja". 

 

Se bilder fra Kickoffen her.

 

 


Del denne artikkel på e-post

Oppsett av konfirmantpåmelding

Ingen Skjema er satt opp.