Bygland kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Ny diakon

Ny diakon

 

Vår diakon, Anna Heggland, slutta i si stilling ved nyttår.

No er det satt inn ein vikar i stillinga.

Ho heiter Helga Victoria Aas Johnsen. 

 

Helga skal vikariere i 70 % stilling som diakon i deler av prostiet vårt. Ho skal nå betene Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes og Bygland. Helga er 31 år, ho bur i Vennesla og er ein vigsla diakon. Ho har tidlegare arbeidd i Hønefoss og som vikar i kyrkjelydar i Kristiansand. Ho starta sitt førebels halvårige vikariat den 1. januar. Ho kjem eigentleg frå Lyngdal, men bur altså no i Vennesla. Ho er gift og har eit barn. 

 

Telefonnummeret hennar er: 992 30 189.

Ho vil gjerne at folk ringer henne og tek kontakt. 

 

Kva er ein diakon?

Diakonen er kyrkja sin omsorgs- og sosialarbeidar og leier kyrkjelydens sitt diakonale arbeid. Arbeidet inneberer å ha kontakt med folk som treng hjelp eller treng nokon å snakke med, gjennomføre fellesskapsbyggjande tiltak for menneske som har det vanskeleg og ha kontakt med kommunen sitt øvrige hjelpetilbod.

Diakonen leier ofte frivillig innsats til medlemmer av kyrkjelyden.

 

 


Del denne artikkel på e-post

Oppsett av konfirmantpåmelding

Ingen Skjema er satt opp.