Konsert med «Harlem Spirit of Gospel» fredag 7desember

Konsert med «Harlem Spirit of Gospel» fredag 7desember

 

Den verdskjende gruppa «Harlem Spirit of Gospel» kjem til Bygland kyrkje!

 

Førehandssal: www.tikkio.no

 

Se plataten ved å klikke her!

 

 

 

Tekst: Olav Nilsen

Den verdskjende gruppa «Harlem Spirit of Gospel» kjem til Bygland kyrkje fredag 7.desember kl. 19.00.

HARLEM SPIRIT OF GOSPEL vart grunnlagt av Anthony Morgan frå Harlem, New York. Multitalentartisten hadde ein draum om å bringa saman dei utallege gode gospelsongarane i Harlem for å synga og spela gospelmusikk og spreia evangeliets bodskap ut over heile verda.

Koret er svært ettertrakta og har ein sterk nærleik på scenen. Dei er kjende for sin allsidige lyd og store breidde i stemmane. Dei har ganske enkelt ein helt unik kjærleik til musikken. Koret sine forbløffande musikalske gåver har gjeve dei høve til å reisa verda rundt og  opptre med svært mange kjende artistar. Blant dei er Stevie Wonder; Luther Vandross, Diana Ross, Cindy Lauper, Aretha Franklin, Christina Aguilera, Gladys Knight, Ray Charles, Nelly Furtado og Johann Strauss Orchestra.

«Harlem Spirit of Gospel» spelar torsdag kveld på Kolben Kulturhus i Oslo, og på laurdags kveld i Kilden i Kristiansand.

Men midt imellom desse store og kjende konsertlokala tek dei altså turen til Bygland, der dei skal overnatte på Revsnes Hotell, og halde ein fengande flott gospelkonsert i Bygland kyrkje.

Dei har vanlegvis med seg store lydanlegg, men vil i den vesle kyrkja ha ein tilnærma akustisk konsert, noko me trur vil bli ei ekstra stor oppleving både for dei og publikum.

I samband med at «souldronninga» Aretha Franklin gjekk bort for kort tid sida, vil gruppa framføra tre låtar av henne som ein spesiell takk til denne verdskjende songaren som hadde sin bakgrunn frå ei svart baptistkyrkje der far hennar var pastor.

 

Billettprisen vert kr.300,-,  og dei som vil førehandstinge billettar kan gjera dette til:

Mail: kbnilsen@hotmail.com

SMS: 982 99711

Vipps: 982 99711 (Vipps ein ven)

Hugs å oppgje fullt namn, slik at billetten vert lagt av til rette vedkomande.

 

 

 


Del denne artikkel på e-post