Kristine Borgen ordinert til presteteneste i Evje & Hornnes og Bygland.

Kristine Borgen ordinert til presteteneste i Evje & Hornnes og Bygland.

 

Kristine Borgen har no vorte ordinert til presteteneste i kyrkja som sokneprest i Evje og Hornnes kyrkjelyd. Det var biskop Stein Reinertsen som ordinerte ho den 23. august i Vennesla kyrkje. Kristine skal også gjere teneste i Bygland og Årdal sokn med mellom anna gudstenester og gravferder. Ho skal innsettast i denne tenesta av prosten den 23. september i Evje kyrkje. I tillegg til dette skal ho arbeide med trusopplæring i Evje og Hornnes og i Bygland. Vi kjem nok til å ha mykje glede av denne talentfulle presten i tida framover. 

Kristine er frå Kvarstein i Vennesla. Ho har tre søner på 16, 19 og 20 år. Kristine har dei siste åra arbeidd med psykisk helse i Kristiansand kommune. Ho byrja på teologistudiet allereie i 1990, og gjorde ferdig avsluttande praktikum i 2016. I mellomtida har ho arbeidd med mykje forskjellig, blant anna som lærar og journalist, og som kyrkjelydssekretær i Vesterålen og som ungdomsarbeidar i Torridal kyrkjelyd.

 

 

 

 


Del denne artikkel på e-post