Olav Sordal går av

Olav Sordal går av

Olav Sordal har no vore kyrkjetenar i 30 år i Årdal kyrkje. No sluttar han i det ordinære arbeidslivet, så da fann han ut at det også var på tide å gje seg som kyrkjetenar etter alle desse åra. Vi nyttar høve til å takke Olav for trufast teneste gjennom alle desse åra. På gudstenesta på jolaftan fekk han overrekt ei gåve frå Soknerådet som takk for sin innsats. Dei siste 10 åra har Olav arbeidd på Hornnes vidaregåande skule. Men før det dreiv han butikken i Grendi i mange år. 

 


Del denne artikkel på e-post