Konfirmantpresentasjon i Bygland kyrkje 31. oktober 2016.

Konfirmantpresentasjon i Bygland kyrkje 31. oktober 2016.

Ei innhaldsrik gudsteneste med dåp, 4- og 6-åringar og presentasjon av konfirmantane.

Ei morosam gudsteneste? Ja, det var konklusjonen frå fleire etter gudstenesta i Bygland kyrkje den 31. oktober. Det var ei riktig innhaldsrik gudsteneste, med dåp, presentasjon av konfirmantane og med utdeling av kyrkjebok til dei som fyller 4 og 6 år dette året.

Gudstenesta byrja med ei samlingsstund for dei små. Der var det Jesus som stiller stormen som var tema. Det er fleire songar som har Jesus i båten som tema: Min båt er så liten, Når det stormer, Her sitter vi og ror i vår lille båt. Konfirmantane var og med som hjelparar.

Men så var det deira tur. Det var forteljinga som den bortkomne sonen som var preiketekst denne sundagen. Og konfirmantane fekk i oppgåve å dramatisere denne forteljinga. Men først fortalde Svein Kleivane likninga slik den står skrive i bibelen. Så blei oppgåver fordelt: Faren, storebror og den bortkomne lillebroren. Så var det ein kar som kjøpte jordstykket, og til slutt ein festegjeng. Mot slutten av dramatiseringa blei festegjengen forvandla til grisar som sonen gjette.

Dette er ei fin forteljing som står i Lukasevangeliet i kapittel 15. Og sjølv om det blei litt latter undervegs, så ligg det eit fint bodskap i forteljinga om at vi kan koma med våre liv til Gud akkurat som vi er. Med våre nederlag og alt vi ber på. Jesus minner oss på dette da han seier: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» (Matt. 11,28).

Frå samlingsstunda. Her går bølgene høgt!

Jesus har grepet min hånd!

Her forlet den bortkomne sonen sin far og sin bror.

Sonen sel sin del av arven. 

Så dreg han ut i verda for å ha det gøy!

Her er det fest og moro! Men pengene tok slutt, og han vende heim til sin far utan penger, men med stor skuldkjensle. 

Her er det 6-åringane som får si kyrkjebok. 

Ein av 4-åringane var i dåpsfølgjet. 

Her er alle konfirmantane. Dei fekk konfirmantbibelen. 

Til sist eit lite glimt av dåpsbarnet Elena. 


Del denne artikkel på e-post